Velkomen til Mindresunde Camping
Turistar har besøkt Mindresunde i over hundre år. Her var hotell og skyss-stasjon på 1800-talet. I dag driv familien campingplass ved sida av gardsdrifta. Frå Mindresunde har ein flott utsyn over Strynevatnet som er kransa av fjell, foss og bre. Plassen har lang strandlinje og lett adkomst til vatnet. 

Campingplassen ligg 10 km frå Stryn sentrum ved Rv 15 og er eit godt utgangspunkt for opplevingar og aktivitetar i Nordfjord. 

Vi  kan tilby ti hytter frå enkel standard til  meir komfortable.  Plass til 50 campingeiningar. 

Vi vil gjere vårt beste for at du skal få ei fin oppleving i rolege omgjevnader.
Hytteferie  
CAMPING
BildeGalleri 
Aktivitetar
Mindresunde Camping ligg idyllisk til ved bredda av Strynevatnet.  

Her kan du nyte ro og fred ein fin sommardag. Ta ein båt eller kanotur på vatnet og prøv fiskelykka. Ein forfriskande dukkert i turkis brevatn kan også anbefalast.

Dagen kan avsluttast med sosialt samvær i grillhuset på brygga.

Les meir 
Ta kontakt